mini|Den ytre overflata av øyremuslingen Øyremuslingen eller aurikkelen (av latin auricula) er den synlege delen av øyret som ligg utanfor hovudet. Den blir òg kalla ved det latinske namnet pinna, som tydar veng eller finne, men dette er vanlegast i zootomiske skildringar.
Struktur Anthelix eller antihelix dannar ein Y-form i den øvre delen av øyret Superior crus Inferior crus Antitragus ligg under tragus Øyregangsopninga er opninga til øyregangen Sniglehuset (concha) Cavum concha er eit holrom ved sida av øyregangen Crus helicis ligg rett over tragus Cymba conchae er den smalaste delen av cavum concha Øyregangen Fossa triangularis er den nedhøgde delen av anthelix Helix er den ytste bretten på øyret Incisura anterior auris er rommet mellom tragus og antitragus Øyreflippen kan vere festa eller laus, i samsvar med eit klassisk døme på dominansforhold mellom enkelt-gen Scapha er den nehøgde delen eller kløfta mellom helix og anthelix Tragus
Utvikling Øyremuslingen blir synleg kring sjette svangerskapsveke hjå menneskefoster, og utviklar seg frå seks små haugar av mesenkym, som kjem frå den fyrste og andre brankialbogen. Desse haugane utviklar seg for å danne foldene i øyremuslingen, og skiftar gradvis oppover og bakover for å rekke den endelege posisjonen på hovudet. I denne utviklinga kan det oppstå preaurikulære cyster og fistlar. Dei fyrste tre haugane kjem frå den fyrste brankialbogen og dannar høvesvis tragus, crus helicis og helix. Hudkjensla i desse områda kjem gjennom trillingnerven — fylgjesveinnerven til den fyrste brankialbogen. Dei siste tre haugane kjem frå den andre brankialbogen og dannar høvesvis anthelix, antitragus og øyreflippen. Desse delane av øyret blir forsynt av halsnerveflettverket og delvis av andletsnerven. Dette klårgjer kvifor vesiklar oppstår på øyremuslingen ved herpesinfeksjon i andletsnerven (herpes zoster oticus).
Funksjon Øyremuslingen samlar opp lyd og omformar han til retningsbestemt lyd og annan informasjon. Den samlar lyden og verkar som ei trakt som forsterkar og retter han mot øyregangen.John C. Middlebrooks, David M. Green. «Sound Localization by Human Listeners» (1991) Annual Review of Psychology. Vitja 14. februar 2015. Filtreringseffekten i øyremuslingen er spesielt tilpassa for å fange opp frekvensar i menneskeleg tale.
Forsterking mini|Fenneken bruker dei store auriklane for å kvitte seg med overflødig varme og for å styrkje lyden av små byttedyr under ørkensanden Øyremuslingen, trommehinna og mellomøyret forsterkar lyden med omkring 10 til 15 dB i frekvensområdet 1,5 kHz til 7 kHz. Dette er ein viktig faktor ved traume i det indre øyret som skuldast auka lydnivå.
Pinna notch Bygnaden av øyremuslingen (pinna) fører til at mykje av lyden frå ein liten del av frekvensspekteret blir fjerna; dette spekteret blir kalla pinna notch. Muslingen verkar ulikt ved låge og høge frekvensar. Ved låge frekvensar verkar han som ein parabolsk spegel som rettar lyden mot øyregangen. Ved høge frekvensar verkar han truleg meir sofistikert. Noko av lyden som går til øyret reiser direkte inn i øyregangen, medan noko av han blir atterspegla i konturane av øyremuslingen. Desse kjem inn i øyret med ei lita forseinking og skapar interferens, slik at storparten av frekvensen der bølgjeperioden er den dobbelte av forseinkingsperioden, blir fjerna. Nærliggande frekvensar blir òg dempa. Øyremuslingen skaper ein bandsperre- og sugefiltereffekt for det påverka frekvensbandet (pinna notch).
Andre dyr mini|For impalaen har øyremuslingen ein livsviktig jobb med å samla opp lyd Hjå dyr verkar øyremuslingen (ofte kalla pinna) ved å samle opp lyd og omdanne han, slik at dyret kan reagere og fatte forflyttingsavgjerder på lyden. Den samlar lyden og verkar som ei trakt som forsterkar og retter han mot øyregangen. Sjølv om mykje av lyden blir atterspegla i øyremuslingen, så går han samstundes gjennom ein filtreringsprosess og frekvensavhengig amplitudemodulasjon, noko som gjev retningsinformasjon til lyden. I mange artar blir pinna brukt til å signalisere sinnsstemning og for å sleppe ut varme.
Klinisk relevans Det finst ulike synlege abnormitetar i øyret: traumatisk skadeEar Deformities Division of Plastic and Reconstructive Surgery. UNC Department of Surgery. infeksjonHawke, M. Chapter 1: Diseases of the Pinna. Ear Disease: A Clinical Guide. Hamilton, Ontario. Decker DTC. 2003. vorte, føflekk, fødselsmerke arr, inkludert keloid cystePinna abnormalities «Pinna abnormalities and low-set ears». MedlinePlus. hudflik soldbrendheit, frostknute trykksår, skuldast ofte dårleg tilpassa høyreapparat anoti, fråvêr av øyremuslingen mikroti, underutvikla øyremusling preaurikulær sinus og cysteEar Anomalies Neonatal dermatology. Auckland District Health Board. aksessorisk aurikkel Darwins tuberkel, framspring på fremre helix hypertrikose, inkludert hypertrichosis lanuginosa acquisita, «hårete pinna» blomkåløyre, posttraumatisk bruskskade tofi, urinsyresalt i form av små revmatiske knutar kronisk nodulær kondrodermatitt på øyrerand (chondrodermatitis nodularis chronica helicis), ein revmatisk knute som oppstår som følgje av solskade godarta og vondarta neoplasmar, inkludert svulstar, keratoakantom og karsinom
Fleire bilete
Sjå òg
øyredobb
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Auricle (anatomy)» frå , den 14. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyret Kategori:Høyrselssystemet