mini|Den ytre overflata av øyremuslingen Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen. Namnet kjem av gresk tragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg. Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.
Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.
Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.
Fleire bilete
Sjå òg tragustrykk traguspiercing
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tragus (ear)» frå , den 15. februar 2015.
Kategori:Øyret Kategori:Høyrselssystemet Kategori:Latinske medisinuttrykk