Reshafim (hebraisk רְשָׁפִים) er ein kibbutz nordaust i Israel. Han ligg 2 km sør for byen Beit She'an i Beit She'an-dalen og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Kibbutzen har kring 270 medlemmar, 50 innbyggjarar som ikkje er medlemmar og 100 barn.
Historie Samfunnet vart grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar i 1947 ved Kiryat Haim. I 1948 var landområdet eigd av arabarar i Al-Ashrafiyya sør for Beit She'an. Dei flykta til Jordan då Golanbrigaden nådde fram til området 10.-11. mai under den arabisk-israelske krigen i 1948.Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, 2004 s.227 Dei første månadane etter grunnlegginga budde medlemmane i Reshafim kibbutz ei stund i ein leir i lag med medlemmar frå Shluhot kibbutz.
Grunnleggjarane var hovudsakleg overlevande etter Holocaust frå Romania og Polen. Dei fekk med seg ei lita gruppe israelskfødde jødar. I 1950-åra kom ei gruppe argentinske jødar og ei anna gruppe hovudsakleg sefardiske jødar til kibbutzen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Reshafim» frå , den 14. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1948 i Israel