Beit Yosef (hebraisk בֵּית יוֹסֵף) er ein moshav nord i Israel i Beit She'an-dalen. Han høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune, og ligg kring 8 km nord for Beit She'an, like ved Yardena.

Historie mini|venstre|Flyfoto.Allon, Yigal (1970) The Making of Israel's Army. Vallentine, Mitchell - London. ISBN 0-853-03027-8. Between s.52-53 Beit Yosef vart grunnlagd i 1937 som ei tårn og palisade-busetjing reist under arabaropprøra 1936-1939. I 1947 hadde han eit folketal på over 200. Han vart fråflytta under den israelske sjølvstendekrigen og vart hard angripen av den jordanske arabiske legionen og den irakiske hæren.

Moshaven vart grunnlagd på nytt i 1951 av emigrantar til Israel frå Kurdistan og Irak. Han er kalla opp etter Yosef Aharonovitch, som var ein viktig person i Arbeidarpartiet og journalist.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Beit Yosef, Israel» frå , den 14. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1937 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel