Baby I'm-a Want You vart det fjerde studioalbumet til Bread, gjeve ut i 1972. Singlane frå albumet var tittelsporet (som nådde tredjeplassen på Billboard Top 100 i USA), «Everything I Own» (#5), «Mother Freedom» (#37) og «Diary» (#15). Dette vart det første Bread-albumet med klaverspelaren Larry Knechtel.

Allmusic skreiv om albumet: «Baby I'm-A Want You er det beste albumet til Bread, og syner både dei mjuke og harde sidane til bandet (ja, Bread hadde ei hard side). Høgdepunkta er fleire enn dei mediokre, og spelinga er særs polert.»

Innhald

Medverkande David Gates - vokal, gitarar, bass, Moog, fiolin James Griffin - vokal, gitarar, piano Larry Knechtel - piano, bass, Hammondorgel, munnspel, gitarar, forskjellige klaverinstrument Mike Botts - trommer, perkusjon

Lister

Vekeslister Liste (1972)PlasseringCanadian RPM Album Chart9UK Album Chart9U.S. Billboard 2003

Årslister Liste (1972)PlasseringUS Billboard 20013

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baby I'm-a Want You» frå , den 2. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Bread-album Kategori:Elektra Records-album