«Baby I'm-a Want You» er ein popsong av det amerikanske softrockbandet Bread. Singelen vart gjeven ut i oktober 1971. Han vart tittelsporet til albumet med same namn, gjeve ut i november 1972.

Det er ein av dei mestseljande singlane til Bread i både USA og Storbritannia. I USA nådde singelen tredjeplassen på Billboard Hot 100 i desember 1971, den tredje av dei fire topp 5-hittane til Bread. «Baby I'm-a Want You» nådde toppen av easy listening-lista og nådde 14. plass på UK Singles Chart i februar 1972.

Han selde til gullplate i USA. Som nesten alle dei kjende innspelingane til Bread, var han skrive og produsert av David Gates.

Andre versjonar Lettermen spelte songen i 1972 på albumet Spin Away Engelbert Humperdinck spelte songen i 1972 på albumet In Time Wayne Newton spelte songen i 1972 på albumet Daddy Don't You Walk So Fast The Moments spelte inn ein sweet soul-versjon i 1973 for albumet My Thing Shirley Bassey spelte songen i 1973 på albumet Never Never Never Stephanie Winslow spelte songen i 1981 på albumet Dakota Conway Twitty spelte songen i 1985 på albumet Chasin Rainbows Jennifer Love Hewitt inkluderte ein versjon i 1995 på albumet Let's Go Bang Aaron Neville inkluderte ein versjon av songen i 2012 på albumet Tell It Like It Is

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baby I'm-a Want You (song)» frå , den 2. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)

Bakgrunnsstoff Songen på discogs.com

Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Bread-songar Kategori:Songar skrivne av David Gates Kategori:Popballadar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Conway Twitty-songar