Erebos (gresk skrift Ἔρεβος) er eit omgrep frå gresk litteratur i oldtida som kan visa til mørkret i underverda, sjølve underverda eller som eit personleggjort vesen som stod for dette. Erebos er mellom anna omtalt i homeriske dikt og av Hesiod.
Som stad bli Erebos skildra som å liggjande i det ytste vest, ved Okeanos, eller djupt inne i jorda. Det kan vera det første området av underverda dei døde kjem til, og blir ofte brukt med same tyding som Tartaros., ISBN 9780195143386, ISBN 9781604134124, ISBN 9780195145045
Hesiod omtalar Erebos som eit mytisk vesen som var eit av dei fem første vesena i verda.Hesiod, Theogony 116–124. Han var son av Khaos og bror av Nyx (natt). Med systera fekk han barna Aither (eter), Hemera (dag) og Kharon (ferjemannen i Hades). Andre barn dei skal ha fått i ulike framstillingar er Hypnos (søvn), Geras (guden for alderdom), Thanatos (død), nymfene Hesperidane, skjebnegudinnene Moirai og Styx (elva i Hades).
Erebos har mellom anna gjeve namn til Mount Erebus i Antarktis via skipet HMS «Erebus».
Kjelder
«Erebos» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. januar 2015.
Kategori:Greske gudar Kategori:Stader i gresk mytologi