The Heroines er det 16. studioalbumet til den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut 28. september 2004 på Sanctuary Records.
Fem av dei tolv songane på albumet er duettar med kvinnlege vokalistar. Dei fem kvinnene er Jessi Colter, Shelby Lynne, Emmylou Harris, Lucinda Williams og Michelle White. Sistnemnde er dottera hans.
Allmusic skreiv om albumet «Heroines er nok ein vinnar i katalogen til the Swamp Fox som syner at han ikkje berre er ein vital artist 35 år etter den første store hitten sin, men og ein som har synt ein konsistens som er merkverdig og intakt».
Innhald
Medverkande
Musikarar Tony Joe White: gitar, vokal Steve «Little Troll» Forrest - bass Carson «Dr. Gloom» Whitsett - orgel Marc Cohen - trommer Jennifer Lynn Young - cello, fele David Ralicke - saksofon og trombone Michael Bolger - trompet
Andre Produsert av Tony Joe White og JD White
Kjelder Albumet på Discogs
Kategori:Musikkalbum frå 2004 Kategori:Tony Joe White-album