Kim Wilson () er ein amerikansk blues-songar og munnspelspelar. Han er mest kjend som solovokalist og frontmann i The Fabulous Thunderbirds på to hitsongar i 1980-åra; «Tuff Enuff», og «Wrap It Up».

Karriere Wilson vart fødd i Detroit i Michigan i 1951, men han voks opp i Goleta i California, der han stundom vart kalla «Goleta Slim». Han starta med blues seint i 1960-åra og gjekk i lære hos folk som Muddy Waters, Jimmy Rogers, Eddie Taylor, Albert Collins, George «Harmonica» Smith, Luther Tucker og Pee Wee Crayton og vart inspirert av munnspelspelarar som Little Walter, James Cotton, Big Walter Horton, Slim Harpo og Lazy Lester. Før han flytta til Austin i Texas i 1974, var han leiar for bandet Aces, Straights and Shuffles i Minneapolis i Minnesota. Dette bandet gav ut ein singel. I Austin danna han The Fabulous Thunderbirds med gitaristen Jimmie Vaughan, og dei vart husbandet ved bluesklubben Antone's, eigd av Clifford Antone. Muddy Waters kalla Wilson, «Den beste munnspelspelaren sidan Little Walter».

Wilson spelar framleis opp mot 300 konsertar per år på bluesfestivalar og klubbar over heile verda, både som leiar for The Fabulous Thunderbirds og med Kim Wilson Blues Allstars.

Diskografi mini|I San Diego 2007 Solo Tigerman (1993) That's Life (1994) My Blues (1997) Smokin' Joint (2001) Looking for Trouble (2003) My Blues Sessions: Kim's Mix, Volume I (2006)

Gjesteartist Kid Ramos - Kid Ramos - 1999 James Cotton - & Friends Bonnie Raitt - Road Tested - 1995 Big Jack Johnson - The Memphis Barbecue Sessions - 2002 JW-Jones - Bogart's Bounce (guest) 2002 / My Kind of Evil (produsent/guest) 2004 Wentus Blues Band - Family Album - 2004, Bluelight Records Barrelhouse Chuck - Got My Eyes On You - 2007 Omar Kent Dykes & Jimmie Vaughan - Jimmy Reed Highway - 2007 Louisiana Red - Back to the Black Bayou - 2008, Ruf Records Elvin Bishop - The Blues Rolls On - 2008 Clapton - 2010, Reprise Mark Knopfler - Privateering - 2012

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kim Wilson» frå , den 24. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Wilson på nettsida til the Fabulous Thunderbirds

Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske bluesmunnspelspelarar Kategori:Musikarar frå Detroit