David Paul Briggs () er ein amerikansk klaverspelar, plateprodusent, arrangør, låtskrivar og studioeigar. Han spelte på den første innspelinga si berre 14 år gammal og har sidan spelt klaverinstrument for mange artistar innan pop, rock og country, i tillegg til mange hundre reklamar.
Karriere I mai 1966 fekk Briggs høve til å spele med Elvis Presley på albumet How Great Thou Art då Floyd Cramer kom for seint i studio. Briggs heldt fram å spele og turnere med Presley fram til februar 1977.
David Briggs og Norbert Putnam opna Quadrafonic Studios seint i 1960-åra. Det vart seld i 1976 og Briggs opna House of David.
Briggs var plateartist på Decca, Polydor og Monument i 1960-åra og medlem av bandet Area Code 615 1969-1971. Artistar han har arbeidd med er mellom anna Elvis Presley, Dean Martin, Joan Baez, Nancy Sinatra, B.B. King, Johnny Cash, Dolly Parton, Waylon Jennings, George Harrison, Todd Rundgren, Roy Orbison, The Monkees, J. J. Cale, Kris Kristofferson og mange andre.
David Briggs vart innelemma i Alabama Music Hall of Fame i 1999.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Briggs (American musician)» frå , den 24. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alabama Music Hall of Fame Elvis Presley's TCB Band Discogs.com Quad Studios Nashville Music News Nashville
Kategori:Folk frå Lauderdale County i Alabama Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå Alabama