Giuliana Minuzzo () var ein italiensk skirennar frå Vallonara di Marostica i Vicenza-provinsen som vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane 1952, 1956, 1960.

Aktiv Minuzzo vann bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1952 i Oslo, einast austerrikske Trude Jochum-Beiser og Mirl Buchner frå Tyskland rann fortare. I slalåm delte ho åttandeplassen med same Jochum-Beiser.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart det ingen olympisk medalje på Minzzuo, men to fjerdeplassar og ein 13. plass i storslalåm, hjelpte henne til VM-bronse i kombinasjonen, ei tevling basert på prestasjonane i dei olympiske tevlingane.

Minuzzo tok sin andre olympiske bronsemedalje då ho under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley vart nummer tre i storslalåm, høvesvis tre og to tidels sekund bakom Yvonne Rüegg frå Sveits og Penny Pitou frå USA. I slalåm vart ho nummer ti.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Giuliana Chenal Minuzzo» frå , den 8. desember 2014.

Kategori:Italienske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960