Christin Elizabeth Cooper () er ein USA-amerikansk skirennar frå Ketchum i Idaho som vann fire medaljar, tre sølv og ein bronse, under Alpin-VM 1982 og Vinter-OL 1984.

Aktiv Cooper debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1978. Under dei olympiske leikane 1980 i Lake Placid i heimlandet vart ho nummer sju i storslalåm og åtte i slalåm.

Frå desember 1981 til mars 1984 vann Cooper fem renn i verdscupen; to i storslalåm, eitt i slalåm og to i kombinasjon. Ho kom på tredjeplass i verdscupen i alpine greiner 1982, einast sveitsiske Erika Hess og vesttyske Irene Epple var betre alpinistar gjennom sesongen. Same året sanka ho tre medaljar gjennom verdsmeisterskapen i alpine greiner 1982 i Schladming i Austerrike. Det tok til med ein bronse i kombinasjonen og heldt fram med sølvmedaljar i storslalåm og i slalåm. Alle dei tre tevlingane vart elles vunne av Erika Hess.

Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vann Cooper sølvmedaljen i storslalåm, og sikra dermed dobbeltsiger for USA ettersom gullmedaljen gjekk til Debbie Armstrong. Cooper, som la opp etter OL-sesongen 1984, stod 26 gongar på sigerspallen, 19 av dei i anten storslalåm eller slalåm.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Christin Cooper» frå , den 10. desember 2014.

Kategori:Alpinistar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984