Michel Kafando () er overganspresident i Burkina Faso sidan november 2014.«Michel Kafando, Président de la Transition», Burkina24, 17 November 2014. Han er ein tidlegare diplomat og minister som var SN-ambassadør for frå 1998 til 2011 og utanriksminister for Øvre Volta (dagens Burkina Faso) frå 1982 til 1983.«New Permanent Representative of Burkina Faso presents credentials», UN Press Release BIO/3152, 15. april 1998.

Etter at president Blaise Compaoré gjekk av som følgje av massedemonstrasjonar 31. oktober 2014 blei Kafando vald til overganspresident i eit år fram til presidentvalet. Han blei teken i eid 18. november 2014.

Kafando er fødd i Ouagadougou. Han har ein bachelorgrad i juss frå Universitetet i Bordeaux frå 1969, eit diplom i statsvitskap frå Paris og eit frå Institut de hautes études internationales et du développement (IHEID) i Génève, begge frå 1972. I 1990 tok han doktorgrad i statsvitskap ved Sorbonne. Han er gift og har eit barn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Michel Kafando» frå , den 8. desember 2014. Bakgrunnsstoff Biografi ved africandatabase.org Biografi ved Scienceblog

Kategori:Burkinske presidentar Kategori:Folk frå Ouagadougou