Aderet (hebraisk אַדֶּרֶת) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg ved foten av Judeafjellet i Adullam-området, sør for Beit Shemesh, vest for Gush Etzion og oppom Elahdalen i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 797.
Historie Moshaven vart grunnlagd tidleg på 1960-åra av emigrantar frå Atlasfjella i Marokko. Namnet var teken frå Esekiel 17:8,Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.2, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk) som tyder «framifrå» i uttrykket «framifrå vinstokk», eit symbol på det gjenfødde Israel. Namnet syner til vindyrkinga i området.
Grunnleggjarane dreiv med fjørfedrift og anna jordbruk fram til seint på 1980-talet, då landsbyen vart ein pendlarby for Jerusalem (40 km) og Tel Aviv (65 km). I 1997 vart det bygd eit nytt nabolag og folkesetnaden steig til over 110 familiar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aderet, Israel» frå , den 10. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1961 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1961 i Israel