Agur (hebraisk עָגוּר) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 465.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av kurdiske jødar som flykta frå nordlege Irak og Iran. Han er kalla opp etter den arabiske landsbyen Ajjur, som vart erobra i oktober 1948 av den fjerde bataljonen til Giv'ati-brigaden som ein del av Operasjon Yoav.
Det finst vingardar i Agur.L'Chaim - To Life
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Agur, Israel» frå , den 10. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kurdisk diaspora i Israel Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Irakisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1950 i Israel