Abu Ghosh (arabisk أبو غوش; hebraisk אבו גוש) er ein arabisk-israelsk by i Israel, 10 km vest for Jerusalem langs Tel Aviv-Jerusalem-vegen. Han ligg 610–720 meter over havet. I 2010 kom byen i Guinness rekordbok for største hummusrett. Abu Ghosh er kjend for det gode tilhøvet til Staten Israel og gjestfriheita mot israelske jødar.
Historie Abu Ghosh er ein av dei tidlegaste busetnadane i Israel. Arkeologiske utgravingar har funne busetnader frå yngre steinalder i tre fasar, og den midtre fasen er datert til 6000-talet fvt.Avraham Negev, Shimon Gibson (2005) Archaeological Encyclopedia of the Holy Land. Continuum International Publishing Group, ISBN 0-8264-8571-5 Det gamle arabisk namnet er Qaryat al'Inab («Druelandsbyen») og Abu Ghosh er derfor indentifisert som den bibelske staden Kiryat Ye'arim.
Legio X Fretensis frå den romerske armeen hadde eit stasjonshus i Abu Ghosh fram til slutten av 200-talet.
Landsbyen er òg assosiert med Anathoth, fødestaden til profeten Jeremia.
Osmansk tid Abu Ghosh er namnet på ein arabisk familie som slo seg ned her tidleg på 1500-talet. I følgje familetradisjonen var dei av tsjerkessisk ætt, og grunnleggjaren kjempa i lag med Selim I. På 1700-talet budde dei i ein landsby nær Beit Nuba, der dei styrte området kring frå. I følgje tradisjonen skal folk frå Bani Amir-familien og landsbybuarane i Beit Liqya ha gjort opprør mot dei og drepe heile Abu Ghosh-klanen utanom ei kvinne og barnet hennar, som førte Abu Ghosh-namnet vidare.
Familien kontrollerte pilegrimsruta frå Jaffa til Jerusalem, og tok bompengar av pilegrimane som passerte landsbyen. Kyrkjene i Jerusalem betalte òg skatt til Abu Ghosh-klanen.Abu Ghosh - The Saga of an arabarar Village På 1800-talet vart landsbyen òg kalla Kuryet el' Enab.Survey of Western Palestina, 1870. Index page 3.
Abu Ghosh vart angripen av ein egyptisk militærstyrke under arabaropprøret i Palestina i 1834. Han vart angripen att i 1853 under ein borgarkrig mellom føydale familiar under Ahmad Abu Ghosh som gav nevøen Mustafa ordre om å gå i kamp. Eit tredje åtak på Abu Ghosh, utført av osmanske militærstyrkar, med støtta av britiske styrkar, fann stad under eit militært oppdrag mot dei føydale familiane i 1860-åra.
Kiryat Anavim, den første kibbutz i Judeafjella, vart grunnlagd nær Abu Ghosh i 1914, på land kjøpt frå Abu Ghosh-familien.Army of shadows: palestinsk collaboration with sionisme, 1917 – 1948 / Hillel Cohen
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Abu Ghosh» frå , den 7. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Tegart-fort Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt