MS «Oslofjord» er ein havgåande bilferje som vart bygd for selskapet Bergen Nordhordland Rutelag, seinare Fjord Line, i 1993. Skipet er bygd ved Fosen Mekaniske Verksteder og vart sett i drift i juni 1993. Ferja fekk opphavleg namnet MS «Bergen». I 2003 vart skipet leigd ut til DFDS Seaways, som gav han namnet MS «Duchess of Scandinavia». I 2005 fekk skipet nytt namn att, MS «Atlantic Traveller». I 2008 vart namnet endra til MS «Bergensfjord», og då ferja vart bygd om og sett inn på strekninga Sandefjord-Strömstad i juni 2014 fekk han namnet MS «Oslofjord».
Ferja er 134,4 meter lang, 24 meter brei og har ein kapasitet på 850 passasjerar og 300 bilar. Bruttotonnasjen er 16 794.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «MS Bergensfjord (1993)» frå , og «MS «Bergensfjord» (1993)» frå den 8. oktober 2014.
Kategori:Norske ferjer Kategori:Fjord Line-skip Kategori:Skip frå 1993