Ann Elizabeth Packer () er ein britisk tidligere friidrettsutøvar som tevla på sprint- og mellomdistanse. Ho vart olympisk meister på 800 meter og tok OL-sølv på 400 under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Aktiv Packer vart nummer seks på 200 m i EM i friidrett 1962 i Beograd på tida 24,4. I same meisterskapen sprang ho startetappen for det britiske stafettlaget som tok bronsemedaljen på 4 x 100 meter.

Packer deltok i sommar-OL 1964 i Tokyo og vann sølvmedaljen på 400 meter, slått med to tidels sekund av Australias Betty Cuthbert. Etter å ha gått vidare til finalen på 800 m med knapp margin, gjorde Packer sitt livs løp i finalen eog spurta forbi leiande Maryvonne Dupureur frå Frankrike. Packer vann gullmedaljen på ny verdsrekord, 2.01,1, Dupureur tok sølv med 2.01,9.

Etter olympiaden la Packer opp som aktiv idrettsutøvar, og gifta seg med sprintaren Robbie Brightwell.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ann Packer» frå , den 4. oktober 2014.

World Athletics

Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964