Har Meron (hebraisk הר מירון, Har Meron; arabisk جبل الجرمق, Jabal al-Jarmaq) er eit fjell i Israel. Det er viktig i jødisk religiøs tru og delar av det er ein del av eit naturreservat.

Med ei høgd på 1208 meter over havet, er Har Meron det høgaste punktet i Israel, sjølv om mange fjell i Golanhøgdene er høgare.

Har Meron naturreservat I 1965 vart eit 84 km² stort naturreservat oppretta. Det vart utvida med 1,199 km²i 2005. Det er største og høgastliggande reservatet i Israel.

Religiøs tyding mini|venstre|Shimon bar Yochai-grava Landsbyen Meron og grava til rabbinaren Shimon bar Yochai ligg på Har Meron. I høve jubileet til dødsfallet hans på Lag B'Omer, samla tusenvis seg i fjellsida nær grava hans, og på sjølve Lag B'Omer.

Klima mini|venstre|Snøfall på Har Meron Meron har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og fuktige, kjølige vintrar. Det snør nokre gonger kvart år på Meron. I snitt er det 22 dagar i året med temperaturar over 32 °C og 28 dagar med frost.

<div style="width:70%">

</div style>

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Meron» frå , den 4. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Israel Kategori:Høgaste punkt Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Geografi i Nord-distriktet i Israel