mini|Myriam Soumaré etter at ho vann EM-gull på 200 meter i Barcelona i 2010 Myriam Soumaré () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Paris som tevla internasjonalt på sprindistansane 100 meter og 200 meter. Ho vart europameister på 200 meter i 2010, og vann i tidsrommet 2010-14 også tre sølvmedaljar og tre bronsemedaljar på 100 m, 200 og 4 x 100 m stafett i ulike europameisterskap i friidrett.
Aktiv Frå EM i friidrett 2010 i Barcelona fekk Soumaré med seg heim ein medalje av kvar valør. Det starta med at ho tok bronsemedaljen på 100 m på tida 11,18, tyske Verena Sailer vann med 11,10 sekundar. Deretter sprang Soumaré inn til siger på 200 meter med 22,32 sekundar, 12 hundredels sekund føre Jelizaveta Bryzjina frå Ukraina. Til sist fekk Soumaré sølv etter ho sprang startetappen for Frankrikes lag i 4 x 100 m stafett, ein stafett som vart vunnen av Ukraina.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Soumaré» frå , den 21. september 2014.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012