Ninive (arabisk نينوى) er ein ruinby i noverande Irak ved elva Tigris, nær noverande Mosul. Byen var ein av dei viktigaste i Midtausten under oldtida, og var ved fleire høve hovudstad i Assyria.

Det er påvist busetnad på staden frå 6000-talet f.Kr., og Ninive er nemnd rundt 1800 f.Kr. som ein viktig kultstad for gudinna Ishtar (Inanna). Byen blei hovudstad i Assyria rundt 700 f.Kr. under Sanherib. I 612 f.Kr. blei han lagt i ruinar av medarar og babylonarar.

Kjelder

Barstad, Hans M. «Ninive» (1. september 2014), Store norske leksikon.

Denne artikkelen bygger på «Ninive» frå , den 21. september 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Mesopotamia Kategori:Guvernementet Ninawa Kategori:Assyria Kategori:Ruinar i Irak Kategori:Oldtidsbyar i Irak