«Rain and Tears» er ein song av Aphrodite's Child frå albumet End of the World frå 1968. Songen vart skriven av Vangelis med tekst av Boris Bergman. Melodien er basert på Pachelbels kanon frå 1600-talet.

Songen vart gjeven ut på singel i mai 1968 og vart populær over natta i Europa og gjekk til topps i fleire land, mellom anna i Frankrike. I Noreg nådde singelen andreplassen på VG-lista, berre slått av «Fru Johansen» av Inger Lise Andersen. B-sida til singelen var «Don't Try to Catch the River»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rain and Tears (single)» frå , den 4. september 2014.

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Aphrodite's Child-songar