Sex Power er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis for filmen med same namn i 1970, med Jane Birkin i hovudrolla. Dette var det første albumet han gav ut som soloartist. Vangelis byrja å spele inn musikk for filmen seint i 1969.

Musikken på albumet består av somme melodiar, rare lydeffektar, omstendeleg perkusjon, korsong med eit snev av Middelhavet.

Songane har ikkje nokre titlar på albumet, men spor 2 og 5 på side 1 vart gjeven ut på singel med tittelen «Djemilla»/«Third Love». Demis Rossous syng tekstlaus vokal på «Third Love».

Albumet er sjeldant og vanskeleg å få tak i og har aldri offisielt blitt gjeve ut på CD. Det har derfor relativt høg pris på marknaden.http://www.vangelismovements.com/sexpoweralbum.htm Årsaka til at albumet ikkje er kome ut på ny kan vere at musikken vart laga til ein erotisk film, og at Vangelis er brydd av dette.

Innhald

Kjelder

Kategori:Vangelis-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1970 Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Philips Records-album