«Zanzibar» er ein song skriven av Billy Joel for albumet 52nd Street i 1978. Songen finst òg på fleire konsertalbum. Songen er kjend for ein trompetsolo av den kjende jazzartisten Freddie Hubbard.

Tekst og musikk Temaet i teksten på «Zanzibar» er kjærleik for idrett, alkohol og songaren som prøver å flørte med ei servitrise. Ifølgje produsenten Phil Ramone hadde Joel skrive musikken og funne ut at han likte tittelen «Zanzibar» for stykket, men ikkje funne ut kva han ville sei om Zanzibar. Ramone fekk bilete av folk som såg på sport i ein bar, og Joel valde å skrive ein song om hendingar i ein bar kalla Zanzibar. Teksten refererer til personar som boksaren Muhammad Ali, baseballspelaren Pete Rose og vinnaren på den tida av baseball-turneringa World Series, New York Yankees.

Songen byrjar langsamt, men glir så over i ein shuffle-rytme. Han inneheld to jazztrompetsoloar av den legendariske trompetisten Freddie Hubbard. Allmusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine reknar melodien i «Zanzibar» som ei hyllest til Donald Fagen frå Steely Dan.

«Zanzibar» er ofte blitt spelt på konsertane til Joel, og konsertopptak finst på 12 Gardens Live frå 2006 og Live at Shea Stadium: The Concert frå 2008.

«Zanzibar» finst òg på samlealbumet My Lives.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zanzibar (Billy Joel song)» frå , den 29. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar produserte av Phil Ramone Kategori:Songar skrivne av Billy Joel