«Travelin' Prayer» er ein song av songaren Billy Joel, gjeve ut som den tredje singelen frå albumet Piano Man i 1974. Songen er ein rask, banjo-dominert song. Singelen nådde 77. plass på Billboard Hot 100 og 34. plass på Adult Contemporary-lista.
Tekst og musikk Joel skreiv «Travelin' Prayer» kring to år før han vart spelt inn for albumet. Songen har fire vers og to instrumentale parti. Teksten handlar om at songaren bed om at kjærasten må vere trygg til ho er attende hos han igjen. Songen har element av country og går i eit livleg tempo. Insturmenta på songen er mellom anna honky-tonkpiano, banjo, fele og trommer spelt med vispar. Joel speler munnspel under det andre instrumentale partiet. Forfattaren Ken Bielen skriv at songen er inspirert av irsk folkemusikk.
Andre versjonar «Travelin' Prayer» vart spelt av Earl Scruggs Revue i 1973 på albumet Rockin' Cross the Country. Billboard Magazine omtalte denne versjonen som ein av dei beste på det albumet. Dolly Parton fekk seinare Grammyprisen for beste kvinneleg countrysong då ho spelte songen i 1999 på albumet The Grass Is Blue. Parton sa at ho «alltid hadde elska Billy Joels 'Travelin' Prayer', som ho meinte lånte frå rein bluegrass.» Parton spelte nettopp songen i bluegrass-stil.
Lister Liste (1974) PlasseringCanadian Singles Chart61U.S. Billboard Hot 10077U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks34
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Travelin' Prayer» frå , den 27. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Michael Stewart Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Earl Scruggs-songar