«Piano Man» er ein song av Billy Joel og den første singelen han gav ut. Singelen kom ut 2. november 1973 og han vart òg gjeven ut på albumet med same namn. Dette vart den første store hitten og er signaturlåten hans. Songen nådde 25. plassen på Billboard Hot 100-lista i april 1974.
Oversyn mini|Billy Joel ved pianoet i 1972. mini|Pressebilde av Billy Joel frå 1973.
Bakgrunn «Piano Man» er ei oppdikta attforteljing av hendingar Joel opplevde då han arbeidde som barsongar i seks månader i 1972 i Executive Room i Los Angeles. Joel har sagt at personane han skildrar i songen er basert på verkelege personar.Billy Joel: The Life and Times of An Angry Young Man (p. 73) by Hank Bordowitz Joel hadde flytta frå New York til L.A. for å spele inn det første albumet sitt, Cold Spring Harbor, som vart øydelagd av ein mastering-feil av plateprodusentane på Family Productions, det første selskapet Joel hadde kontrakt med. Etter dette ønskte Joel å kome seg ut av denne kontrakten og signerte med Columbia Records, men fordi han alt hadde kontrakt med Family vart dette særs vanskeleg for han. Så Joel har forklart at han «gøymde seg» i baren og spelte under namnet Bill Martin, medan advokatane til Columbia Records prøvde å få han laus frå den første avtalen. Det fulle namnet til Joel er William Martin Joel.
Innhald Versa i songen er sungen frå synspunktet til ein pianist i ein bar og fokuserer hovudsakleg alle andre i baren: ein gammal mann, bartenderen John, servitrisa, forretningsmannen og faste folk i baren som eigedomsmeklaren Paul og marinesoldaten Davy. Dei fleste av desse personane har øydelagde eller uoppfylte draumar, og jobben til pianisten er å få dei til å gløyme livet sitt for ei stund. Refrenget kjem frå folket i baren og seier «Sing us a song, / You're the piano man; / Sing us a song tonight. / Well, we're all in the mood for a melody, / And you've got us feeling all right.»
Joel har sagt at alle figurane i songen bygde på verkelege folk.
Utgjeving Han vart først gjeven ut som det andre sporet på albumet Piano Man og sidan på fleire samleplater.
Då songen vart gjeven ut på singel vart han rekna som for long av Columbia Records (5 minuttar og 38 sekund), så to vers vart kutta i to og sett saman til eitt, slik at singelen vart 4 minuttar og 33 sekundar lang. Songane vart òg miksa på ny der instrument som akustisk gitar og munnspel kjem tydlegare fram. Billy Joel refererte til dette i den seinare songen «The Entertainer» der han syng «It was a beautiful song, but it ran too long / If you're gonna have a hit, you gotta make it fit / So they cut it down to 3:05.»
Komposisjon Billy Joel skreiv og framførte songen i C-dur. Han går i ein 3/4 valsetakt, og byrjar med ein jazzaktig pianosolo, før piano- og munnspelintroen starta. Verset og refrenget består av ei fallande basslinje i C, som endar i ei D - G-vending. Instrumenta på versjonen frå 1973 er piano, munnspel, bass, trekkspel, mandolin og trommer.
Innhald
7" US singel (1973) «Piano Man» - (4:30) «You're My Home» - (3:08)
Musikkvideo Det vart laga ein video for songen i 1974, då songen var på sitt mest populære. Han syner Joel i ein typisk amerikansk bar, der han framfører songen. Ein ny video vart filma i 1985, i omtrent same stil som den originale videoen. Den originale videoen nytta ein alternativ versjon av songen, medan den nye videoen nytta albumversjonen.
Popularitet Då songen kom ut i 1974 vart songen ein mindre hit, men vart ikkje så mykje spelt på radio dei neste tre-fire åra. I 1977, då albumet The Stranger kom ut og Joel fekk det store gjennombrotet, vart songen raskt ein av dei mest velkjende og elska songane hans. Han vert i dag rekna som signaturlåten til Joel, dels på grunn av tittelen.
«Piano Man» vart rangert på 421. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004 og på 429. plass på den oppdaterte lista frå 2010.
I 2015 vart «Piano Man» vald ut som ei av 25 lydinnspelingar til å lagrast iLibrary of Congress sitt National Recording Registry for å vera «culturally, historically, or aesthetically significant.»
Songen er framleis populær i dag og er den mest selde Joel-songen på iTunes (per februar 2014). I tillegg til å ha vorte selt i over fem millionar eksemplar berre i USA, er «Piano Man» Joel sin nest mest strøymed song på Spotify, etter «Uptown Girl», med over 1 milliardar totale strøymingar. Han er også vorten vist over 287 millionar gonger på YouTube.
Andre versjonar I 1980 spelte den spanske songaren Ana Belén inn ein spansk versjon av songen kalla «El Hombre del Piano». Songen var omarbeidd av ektemannen hennar Victor Manuel, og krinsa om soga til pianisten meir enn dei rundt han.
«Weird Al» Yankovic spelte ein parodi av songen kalla «Ode to a Superhero» som handlar om plottet i filmen Spider-Man på albumet Poodle Hat i 2003.
Den finske songaren Ari Koivunen spelte ein versjon av «Piano Man» på albumet Fuel for the Fire i 2007.
Lister
Liste (1973–1974)Topp-plasseringAustralia (Kent Music Report)20Canadiske RPM Top Singles10Canadiske RPM Adult Contemporary14Euro Digital Songs (Billboard)7Irland (IRMA)83New Zealand (Listener)14USA Cash Box Top 10016 Liste (2025–2026)Topp-plassering Irland (IRMA) 70 Noreg (IFPI Norge) 70 Sverige (Sverigetopplistan) 55
Lister ved slutten av året Liste (1974)TopplasseringCanada91US (Joel Whitburn's Pop Annual)178Liste (1976)TopplasseringAustralia (Kent Music Report)93All-time Top-2000(1999-no)PlasseringNederlandNPO Radio 2I topp 5 sidan 2016I 2025: nr 2
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piano Man (song)» frå , den 27. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff / ⒞1985 Sony BMG channel
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Debutsinglar frå 1973 Kategori:Softrocksongar Kategori:Folkrock-songar Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Michael Stewart 429 Kategori:Weird Al-Yankovic-songar