Wolfgang Schmidt () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Aust-Berlin. Han er mest kjend som diskoskastar, ei øving han vann EM-gull i 1978, OL-sølv i 1976 og EM-bronse i 1982, men deltok også i kulestøyt på høgt nivå.
Aktiv Schmidt vart junior-europameister i diskoskast i 1973. I 1974 sette han personleg rekord med 64,10 m og deltok for DDR i europameisterskapen, der han vart nummer åtte. To år seinare tok han sølvmedaljen i diskostevlinga under sommarleikane i Montreal. I 1978 vann han gullmedaljen i diskos under friidretts-EM i Praha, der han i tillegg kom på fjerdeplass i kuletevlinga. Same sesongen sette han verdsrekord i diskoskasting med 71,16 meter.
I 1982 mislukkast Schmidt i å gjennomføre eit fluktforsøk frå Aust-Tyskland. Han sat fengsla eit års tid, men fekk i 1987 utreiseløyve. Schmidt busette seg i Vest-Tyskland og representerte landet i friidrett til 1992. Han tok ein EM-bronse i diskoskast i Split i 1990.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Nr 8 – 59,56 m OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje – 66,22 m, bakom Mac Wilkins (67,50 m) EM 1978 i Praha: Gullmedalje i diskoskast – 66,82 m, framom Markku Tuokko (64,90 m). Nr 4 i kulestøyt - 20,30 m OL 1980 i Moskva: Nr 4 – 65,64 m EM 1990 i Split: Bronsemedalje – 64,10 m VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 64,76 m
Schmidt utvandra seinare til USA og delstaten California.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Schmidt (Leichtathlet)» frå , den 17. august 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske diskoskastarar Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980