Józef Szmidt () var ein polsk tresteghoppar, fødd i Miechowwice i Schlesien. Frå 1958 til 1964 vann han alle dei internasjonale meisterskapsøvingane i tresteghopp. Han vart to gongar europameister, fyrst under EM 1958 i Stockholm og så EM 1962, og to gongar olympisk meister; under OL 1960 i Roma og OL 1964 i Tokyo. Szmidt var den fyrste tresteghopparen som braut 17-metersgrensa då han sette verdsrekord med 17,03 meter i 1960.
Aktiv Han var tyskfødd, Josef Schmidt, men familien valde å verte buande då heimbyen etter andre verdskrigen vart innlemma i Polen. Szmidt vart i i 1958 den fyrste polske tresteghopparen som passerte 16-metersstreken. Same sesongen vann han ein klar siger i tresteghopp under europameisterskapen i Stockholm med sterke 16,43 m, versdrekordeigaren Oleg Rjakovskij vart nummer to.
Under den polske meisterskapen i Olsztyn den 5. august 1960 hoppa Szmidt 17,03 meter, ny verdsrekord, og vart dermed den fyrste tresteghopparen som hoppa over 17 meter. Ein månad seinare, under dei olympiske leikane i Roma, vann han gullmedaljen med olympisk rekord, 16,81 meter, framom dei sovjetiske utøvarane Vladimir Gorjajev og Vitold Kreer. Også under europameisterskapen 1962 i Beograd tok han gullmedaljen føre to hopparar frå Sovjet og likeeins under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964.
Szmidt vart nummer fem i friidretts-EM 1966. I den tynne lufta i Mexico-byen hoppa han under Sommar-OL 1968 16,89 meter, berre 14 cm bak hans eigen gjeldande verdsrekord føre finalen. Men det heldt berre til sjuandeplass i ei fenomenal tevling der verdsrekorden vart flytta fleire gongar, til sist av Viktor Sanejev til 17,39 m. Szmidt tok avskjed med ein 11. plass i europameisterskapen 1971 i Helsingfors, 36 år gammal.
Til saman vann Szmidt ti polske meistertittlar i tresteghopp; 1958, 1960, 1962-63, 1965-67 og 1969-71. I 1961 vart han polsk meister i lengdehopp. Han deltok også i sprinttevlingar i den nasjonale meisterskapen og kapra sølvmedaljar på 200 meter; 1953 og 1958, samt på 100 meter i 1958.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje – 16,43 m, framom Oleg Rjakovskij (16,02 m) OL 1960 i Roma: Gullmedalje – 16,81 m, framom Vladimir Gorjajaev (16,63 m) EM 1962 i Beograd: Gullmedalje – 16,55 m, framom Vladimir Gorjajev (16,39 m) OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje – 16,85 m, framom Oleg Fedosejev (16,58 m) EM 1966 i Budapest: Nr 5 – 16,45 m OL 1968 i Mexico by: Nr 7 – 16,89 m EM 1969 i Aten: EM 1971 i Helsingfors: Nr 11 – 15,62 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Józef Szmidt» frå , den 17. august 2014.
World Athletics
Kategori:Polske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968