Faueldalen naturreservat (òg skrive Fugldalen og Fauldalen) er eit naturreservat i den austre delen av Tromsø kommune. Det omfattar den nedre delen av Fugldalelvas nedbørfelt. I aust grensar reservatet til Lyngsalpan landskapsvernområde, og elles følgjer grensa stort sett Fugldalselvas dalføre, unntatt dei nedste rundt 200 meter før elva munnar ut i Sørfjorden.
Verneformålet er kystnær furuskog med naturleg plante- og dyreliv, knytt til etablering av vegetasjon i ein interessant kvartærgeologi. Deler av grusavsetjingane (sandur, endemorene og sidemorenar) er utan vegetasjon. Næringsrik flora etablerer seg i ein berggrunn av gabbro, amfibolitt og dioritt.
Kjelder
Kategori:Verneområde i Tromsø Kategori:Verneområde oppretta i 2000 Kategori:Naturreservat i Troms Kategori:Lyngsalpan