Vilmos Varjú () var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Gyula. Han vart europameister i kulestøyt i 1962, og forsvarte EM-tittelen fire år seinare. I mellomtida vann han bronsemedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 1964.

Aktiv Varjú sette europarekord med 18,67 m i 1960, men deltok ikkje i OL. I 1962 vann han ein klar siger i kulestøyttevlinga under EM i Beograd. Han forbetra den personlege rekorden til 19,42 m i 1963, og støytte berre tre centimeter kortare i finalen under OL 1964 i Tokyo, ein prestasjon som gav han bronsemedaljen bak dei to suverene US-amerikanarane Dallas Long og Randy Matson.

I 1966 vart det klart for europameisterskap på heimebane i Budapest. Varjú skuffa ikkje, han forsvarte EM-tittelen med stor margin til andremann. Same sesongen forbetra han europarekorden med seks cm til 19,62 m. I 1970 sette han ny personleg rekord med 19,72 m, før han i 1971 la på til heile 20,45 m. Under EM 1971 i Helsingfors kom han på fjerdeplassen med 19,99 m, fem centimeter bak bronsevinnaren.

Varjú vart ungarsk meister i kulestøyt 1958-60 og 1963-72. Han flytta i si tid som akiv den ungarske rekorden 17 gongar, frå 16,63 meter til 20,45 m, hans endelege personlege bestenotering.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1958 i Stockholm: Nr 7 – 16,77 m EM 1962 i Beograd: Gullmedalje – 19,02 m, framom Viktor Lipsnis (18,38 m) OL 1964 i Tokyo: Bronsemedalje 19,39 m, bakom Randy Matson (20,20 m) EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 19,43 m, framom Nikolaj Karasjov (18,82 m) OL 1968 i Mexico by: Utslått i kvalifiseringa (18,86 m =nr 13) EM 1969 i Athen: Nr 7 – 18,87 m EM 1971 i Helsingfors: Nr 4 – 19,99 m, bakom Władysław Komar (20,04 m) OL 1972 i München: Nr 8 – 20,10 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vilmos Varjú» frå , den 15. august 2014. Ymse utgåver av Friidrott. World Athletics

Kategori:Ungarske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ungarn Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972