Qurnat as Sawdā’ er det høgaste fjellet i Libanon og Levanten med ei høgd på 3 088 meter over havet.
Geografi og klima Qurnat as Sawda har eit alpint klima med kjølige somrar. Temperaturen om sommaren når vanlegvis 10-15 ºC, men kan gå ned til kring 0-5 ºC om natta. Vinteren er lang på dette fjellet (oktober til seint i april) med temperaturar frå -20 til -45 ºC. Snøfallet er kring 10-12 meter kvart år, og smeltar ikkje før i midten av juni. Frost er vanleg gjennom sommaren. Fjell i Libanon på over 1800 meter er dekte av snø nesten fire månader av året og toppar over 2 500 m er dekte av snø kring halve året.www.mount-lebanon.com
Fjelltoppen er kjend for å ha mange snøras.
Religiøs mellomalderlitteratur I Jacobus de Vorgaine sin Aurea Legenda planta Noa eit heilag tre på dette fjellet etter å ha overlevd syndfloda. Vorgaine skreiv at frøa til dette treet vart gjeven til Set av ein engel i Edens hage.
Sjå òg Libanesisk geografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Qurnat as Sawda'» frå , den 15. august 2014.
Bakgrunnsstoff
Peakbagger.com: Qurnat as Sawdā’
Kategori:Fjell i Libanon Kategori:Høgaste punkt