Tigerauge er ein ugjennomsiktig, brungul til gulbrun smykkestein med karakteristiske band og silkeglans. Han består av eit finkorna kvartsaggregat gjennomsatt av forvitra amfibolenåler. Han er danna ved at kvarts har erstatta ein asbestaktig amfibol (krokidolitt). Der amfibolnålene er friske, er steinen blågrå og blir då kalla falkauge. Den viktigaste førekomsten finst i Sør-Afrika.
Kjelder Tigerøye. (13. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tiger%C3%B8ye.
Bakgrunnsstoff
kategori:Edelsteinar kategori:Kvartsvariantar