Oligoklas er eit feltspatmineral i plagioklasrekkja (kalknatronfeltspat). Det er utbreidd mellom anna i granittar, syenittar, gneisar og fleire og er vanleg på norske granittpegmatitter. Ein varietet med raudt fargespel blir kalla aventurin-feltspat eller solstein.

Namnet vart gjeve av August Breithaupt i 1826 frå det greske oligos, liten, og klasein, å brytast, fordi mineralet var trudd å ha mindre perfekt kløyv enn albitt.

Kjelder Oligoklas. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/oligoklas.

kategori:Tektosilikat kategori:Natriummineral kategori:Kalsiummineral kategori:Feltspat kategori:Triklinske mineral