Opal er eit amorft mineral eller såkalla mineraloid som består av silisiumdioksid (kiselsyre eller silika, SiO2) med varierande innhald av vatn, vanlegvis 4–9 %. Edle opalar er av dei mest verdfulle edelsteinane.

Opal finst særleg i holrom i dagbergartar og sedimentære bergartar, og er danna ved avsetjing frå varme, kiselsyrehaldige løysingar. Han kan òg avsetjast i samband med varme kjelder. Opal blir òg danna som skalmateriale hjå til dømes radiolarar og diatomear.

Edelopal har eit vent fargespel og er ein verdfull edelstein. Desse finst særleg i Australia. I 1970-åra byrja det å kome syntetisk edelopal av fyrsteklasses kvalitet på marknaden. Edel opal kan òg vere gulraud og nesten klår og blåleg.

Vanleg opal er gjennomskineleg eller uklår og syner ikkje fargespel.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Edelsteinar kategori:Glas i naturen kategori:Hydrat kategori:Kvartsvariantar