Schrammacher er ein 3 410 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen er den nest høgste på den såkalla Tuxerkammen.

Ved si markante form som ein symmetrisk pyramide og med ein høg, bratt fjellvegg mot nordvest, dominerer fjellet områda kring isbreen Alpeiner Ferner.

Fyrstebestiginga av Schrammacher fann stad 19. august 1847. Peter Karl Thurwieser klatra då til topps i lag med dei lokale fjellførarane Georg Lechner og Jakob Huber.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schrammacher» frå , den 26. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike