Taklaukslekta (Sempervivum) er ei planteslekt i bergknappfamilien som omfattar rundt 40 fleirårige, eviggrøne artar. Plantane i denne slekta har tjukke, kjøtfulle blad i rosettar og blomar i stengeltoppen som er kvite, gule eller raude. Dei tjukke blada lagrar vatn slik at dei klarer seg i solrike, steinete område, som fjell for viltveksande plantar og tak, steinhagar eller potter for dyrka plantar.
mini|venstre|Taklauk på eit tak. Taklauk veks vilt i Nord-Afrika, Sør-Europa og Vest-Asia. Plantane veks særleg i fjellområde frå Pyreneane til Kaukasus. I tillegg til å tola tørke er taklauk også meir frostherdig enn mange andre sukkulentar, og nokre veks i hagar eller forvilla i Noreg. Den best kjende arten i slekta er taklauk (Sempervivum tectorum). Også kingeltaklauk (S. arachnoideum), som er tett spindelvevhåra, er mykje brukt i hagar.
Plantane er kjende for å danna ei rekkje avleggjarar i gode veksetilhøve, og eit engelsk namn på dei er hen and chicks, 'høne med kyllingar'. Det latinske namnet Sempervivum tyder 'alltid levande' og viser til at planten er eviggrøn og at han klarer seg i vanskelege veksetilhøve.
Namnet «taklauk» viser til at plantane ofte veks på tak, og ei utbreidd oppfatting har vore at dei vernar mot lynnedslag. Planten er blitt knytt til tordengudar som den norrøne Tor og den romerske Jupiter, og andre namn er Jupiter's beard og tysk Donnersbart ('toreskjegg').
Artar Sempervivum altum Sempervivum arachnoideum Sempervivum armenum Sempervivum atlanticum Sempervivum ballsii Sempervivum borissovae Sempervivum calcareum Sempervivum cantabricum Sempervivum caucasicum Sempervivum ciliosum Sempervivum davisii Sempervivum dolomiticum Sempervivum erythraeum Sempervivum glabrifolium Sempervivum ingwersenii Sempervivum juvanii Sempervivum kindingeri Sempervivum kosaninii Sempervivum leucanthum Sempervivum macedonicum Sempervivum marmoreum Sempervivum minus Sempervivum montanum Sempervivum nevadense Sempervivum octopodes Sempervivum ossetiense Sempervivum pittonii Sempervivum pumilum Sempervivum soculense Sempervivum sosnowskyi Sempervivum tectorum Sempervivum thompsonianum Sempervivum transcaucasicum Sempervivum wulfenii Sempervivum zeleborii Galleri
Kjelder
«Sempervivum» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. juli 2014. <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Sempervivum» frå , den 26. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bergknappfamilien Kategori:Sukkulentar Kategori:Hageplantar