«La meg være ung» (bokmåk for La meg vere ung) er ein singel av Odd Børre & The Cannons og Wenche Myhre, gjeven ut i 1964. Songen er skriven av Arne Bendiksen.

Myhre gav ut ein tysk versjon av songen kalla «Laß' mich, wie ich bin». Den tyske teksten er skriven av Kurt Hertha. Den norske versjonen lå 15 veker på VG-lista i 1964; fem av dei på fyrsteplass. Singelen vart tildelt Den Norske Sølvplate 1964.

Eurovision Melodi Grand Prix 1964 «La meg være ung» deltok i Melodi Grand Prix 1964, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1964 i København i Danmark. Songen vart framført på norsk av Odd Børre & The Cannons med eit lite orkester, og så på nytt av Wenche Myhre med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 57 poeng.

Fotnotar

Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Norske songar Kategori:Norskspråklege songar Kategori:Melodi Grand Prix 1964-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Wenche Myhre-songar Kategori:Odd Børre-songar Kategori:The Cannons-songar Kategori:Songar skrivne av Arne Bendiksen Kategori:Songar på toppen av VG-lista