Jawbat Burghal (arabisk جوبة برغال) er ein by nordvest i Syria i Latakia guvernement, aust for Latakia i an-Nusayriyah-fjella. Av stader i nærleiken finn ein Qardaha, al-Fakhurah, Istamo og Shatha. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Jawbat Burghal eit folketal på 959 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement.

Landsbyen var fødestaden og basen til den kontroversielle syriske leiaren, Sulayman al-Murshid. Al-Murshid vart oppfordra av styresmaktene i det franske mandatet til å opprette ei ny sekt, og gjorde Jawbat Burghal til basen sin der han vart ein forslagsstillar for alawittisk sjølvstende. Han fekk buskap frå følgjarane sine og bygde ein vestleg villa i byen. Etter sjølvstendet til Syria, slo dei sentrale syriske styresmaktene i Damaskus ned på separatistrørsler, inkludert Murshid. Han overgav seg til styresmaktene etter ein kort konfrontasjon med den syriske hæren ved hovudkvarteret sitt. Sulayman al-Murshid vart avretta på eit offentleg torg i Damaskus for forræderi i november 1946.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jawbat Burghal» frå , den 18. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Qardaha-distriktet Kategori:Byar i Syria