Fiq er ein tidlegare by i Syria som administrativt høyrer til Al Quneitra guvernement i Golanhøgdene. Han ligg 349 meter over havet. Den israelske busetnaden Afik, ein kibbutz, vart bygd i nærleiken.
Historie mini|venstre|Ruinar i Fiq. Fiq var ein antikk by, og her er funne mange inskripsjonar på latin og gresk.Dauphin, 1998, s. 722
I 1596 vart Fiq oppført i osmanske skattelister som ein del av Jawlan Garbi nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 16 hushaldningar og 9 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 196.
Den franske oppdagaren Victor Guérin noterte på 1800-talet at Fiq vart delt inn i fire kvarter, kvar administrert av sin eigen sjeik. Dei fleste av heimane inneheldt restane av gamle bygningar. Landsbyen var rik på ferskvatn.Guérin, 1880, pp 314-5 ff
Då Gottlieb Schumacher landmålte området i 1880-åra, skildra han Fiq som ein stor landsby med kring 400 menneske. Schumacher, 1888, s. 136-7 ff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fiq, Syria» frå , den 18. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
(s. 206 ) (s. 93 )
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare busetnader i Golanhøgdene Kategori:Byar i Syria