Bjørn Henrik Gundersen () var ein norsk friidrettsutøvar frå Elverum som representerte Elverum IL. Perioden 1947-54 vart han tre gongar norsk meister i høgdehopp.
Aktiv Gundersen vart norsk meister i høgdehopp i 1947, 1951 og 1954. Under dei olympiske leikane i Helsingfors i 1952 vart han nummer åtte med 1,90 meter.
Gundersen sette sin personlege rekord heime på Elverum i august 1954, då han svinga seg over 1,96 m. Han var aktiv i 1958.
Medaljar i norske meisterskap 1947: Gull – 1,93 m, framom Birger Leirud (1,93 m) 1948: Bronse – 1,93 m 1951: Gull – 1,93 m, framom Eivind Wigstøl (1,80 m) 1952: Sølv – 1,90 m, bakom Birger Leirud (1,90 m) 1953: Sølv – 1,90 m, bakom Tormod Holand (1,90 m) 1954: Gull – 1,93 m, framom Bjørn Thorkildsen (1,93 m) 1955: Bronse – 1,80 m
Kjelder NFIF-heimeside
Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Folk frå Elverum