Bongo Fury er eit album av Frank Zappa og The Mothers og Captain Beefheart frå 1975. Konsertopptaka på albumet vart innspelt 20. og 21. mai 1975 ved Armadillo World Headquarters i Austin i Texas. Spor 5, 6 og 9 (berre introen) er studioopptak spelt inn i januar 1975 (under innspelinga som gav One Size Fits All og det meste av Studio Tan).
Albumet er er det siste som vart spelt inn av bandet Zappa spelte mykje med tidleg på 70-talet, og som spelte på album som Over-Nite Sensation (1973), Apostrophe (') (1974), Roxy & Elsewhere (1974) og One Size Fits All (1975).
Napoleon Murphy Brock sin vokal er på både «Advance Romance» og som ein av tre harmonistemmer på «Carolina Hard-Core Ecstasy». Captain Beefheart syng på fleire songar. Dette var den einaste turneen hans i lag med bandet til Zappa. Han les òg opp «Sam with the Showing Scalp Flat Top» og «Man with the Woman Head». Bongo Fury er òg første gongen Terry Bozzio spelar med Zappa. Han spelte fast med Zappa frå 1975 til 1978.
Innhald Alle songane er framførte av Frank Zappa og Captain Beefheart. Alle songane er skrivne av Zappa, utanom der andre er nemnte. Dette er det siste originale Zappa-albumet som vart omtalt som «[The] Mothers [of Invention]».
Medverkande Musikarar Frank Zappa – sologitar, vokal Captain Beefheart – munnspel, vokal, handleposar George Duke – klaverinstrument, vokal Napoleon Murphy Brock – saksofon, vokal Bruce Fowler – trombone, fantastisk dansing Tom Fowler – bass, òg dansing Denny Walley – slidegitar, vokal Terry Bozzio – trommer, fukt Chester Thompson – trommer (på «200 Years Old» og «Cucamonga») Robert «Frog» Camarena – vokal på «Debra Kadabra» (ikkje oppført på omslaget)
Produksjon Michael Braunstein – lydteknikar Frank Hubach – lydteknikar Kelly Kotera – lydteknikar Kerry McNabb – lydteknikar Davey Moire – lydteknikar Cal Schenkel – design John Williams – fotografi Bob Stone – lydteknikar Mike Stone – lydteknikar
Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1975Pop Albums66
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bongo Fury» frå , den 11. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Captain Beefheart-album Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1975 Kategori:DiscReet Records-album