Andrea Barzagli () er ein italiensk tidlegare fotballspelar, fødd i Fiesole, som har spela i forsvaret til den italienske klubben Juventus. Han har spela 50 landskampar (sommaren 2014) for Italia, fast i startoppstillinga under fotball-EM 2012 då Italia nådde finalen. Under VM i fotball 2006 spelte han to kampar i turneringa, som enda med VM-gull for Italia.

Klubbspel Perioden 1998-2003 spelte Barzagli på lågare nivå i italiensk klubbfotball. Frå seriestart hausten 2003 spelte han for fyrste gong i Serie A. Etter ein sesong i Chievo vart han overført til Palermo sommaren 2004, ein klubb han spelte for i fire sesongar.

Sommaren 2008 gjekk Barzagli til den tyske klubben Wolfsburg, og vann seriegull i sin fyrste sesong. I januar 2011 vart han overført til italienske Juventus i Serie A. Med storklubben frå Torino vart han italiensk seriemeister tre år på rad; 2012-14.

Landslagsspel Barzagli deltok på Italia sitt OL-lag som tok bronsemedalje under sommar-OL 2004. Same hausten, i november 2004 fekk han sin A-landslagadebut mot Finland. Under VM i fotball 2006 spelte han to kampar for verdsmeisterlaget, i kvartfinalen stilte han i staden for suspenderte Marco Materazzi. Han deltok i fotball-EM 2008, men deretter skulle det gå tre år før han atter fekk plass i fyrstellevaren på landslaget. Sidan oktober 2011 har han ofte vore på plass i midtforsvaret til Italia, både under EM 2012 og VM 2014.

Merittar VM-gull 2006 for Italia EM-sølv 2012 for Italia OL-bronse 2004 for Italia Tysk seriemeister 2009 med Wolfsburg Italiensk seriemeister 2012, 2013 og 2014 med Juventus

Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Palermo-spelarar Kategori:Piacenza-spelarar Kategori:Ascoli-spelarar Kategori:Chievo-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016