Maxwell Cabelino Andrade, eller berre Maxwell () er ein brasiliansk fotballspelar som i 2014 spela for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og for landslaget til Brasil. Han vart seriemeister i Nederland med Ajax i 2001/02- og 2003/04-sesongen, i Italia med Inter i 2006/07- , 2007/08- og 2008/09-sesongen, i Spania med Barcelona i 2009/10- og 2010/11-sesongen og i Frankrike med Paris Saint-Germain i 2012/13- og 2013/14-sesongen. Han vart kåra til årets spelar i Nederland i 2004.

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014