Paul Peter Wilhelm Breder () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann som er best kjend for arbeidet sitt med jarnbaner.

Breder var fødd i Fredrikshald, der faren var sokneprest. Sjølv vart han student frå Fredrikshalds skule i 1834 og cand.jur. i 1840. Deretter arbeidde han som fullmektig hos sorenskrivaren i Nedenes, sidan i same stilling hos byfuten i Christiania. Tida 1847-54 var han stiftoverrettsprokurator i hovudstaden. Han var amtmann i Nordland 1854-58 og Buskerud frå 1858 til 1882. Sidan 1882 og livet ut var han tollkasserar i Drammen.

Breder var tredje representant for Nordlands amt på Stortinget i 1857 og på omframtstortinget 1858. Han var medlem av Lagtinget og i 1857 av gasje- og pensjonskomiteen. Dessutan var han formann i komiteen om fengselslova. Seinare var Breder frå 1868 styreformann i Drammen-Randsfjordbanen og frå 1874 av fellesstyret for Vestbanen.

Han døydde i Drammen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Halden Kategori:Norske juristar