Løkkekiosken (og kalla Rakettkiosken) er ein kiosk i Tromsø, teikna av byggmeister J.R. Erlandsen og oppført i 1911.

Det var den gong 18 år gamle Margit Løkke som fekk løyve til å sette opp kiosken. Først søkte ho om å få plassere han på Fridtjof Nansens plass, men justerte seinare søknaden og ba om å få plassere kiosken på Stortorget. Søknaden vart innvilga, og med plasseringa følgde vilkåret at kommunen skulle disponere to av veggane på kiosken til oppslag. I tillegg måtte ho som alle andre som lånte grunn av kommunen betale 25 kroner per år i kioskavgift til kommunen.

I Kulturminneåret 2009 utpeikte Riksantikvaren Løkkekiosken i Tromsø som eit nasjonalt viktig kulturminne. Den 27. november 2009 vart Løkkekiosken freda i samband med Kulturminneårets avslutningsarrangement i Tromsø.Kulturminneåret 2009: Riksantikvaren inviterer til fredningen av Rakettkiosken i Tromsø fredag 27. november

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Løkkekiosken» frå , den 7. mai 2014.

Bakgrunnsstoff Informasjon om Løkkekiosken på Digitalt fortalt

Kategori:Kulturminne i Tromsø