Erik Andreas Børresen () var ein kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Bragernes.
Børresen var fødd på Bragernes, son til ein skipper. Han var i lang tid kjøpmann, trelasthandlar og skipsreiar på Bragernes. Skipa hans segla på alle hav. Børresen var gjennom ein menneskealder ein av dei leiande menn i Drammen, og gjekk under tilnamnet «Kong Erik». Under særlege høve, som ved kongebesøk, gjorde huset hans teneste som festlokale.Gyldendals store konversasjonsleksikon Storparten av hans 150 000 spesiedalar store formue testamenterte han til allmennyttige formål; «fornemmelig til en stiftelse for ugifte damer og en opdragelsesanstalt for fattige forældreløse barn dersteds».Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Børresen representerte Drammen på Stortinget i 1827, der han var medlem av komiteen om handel og næringsfridom, samt komiteen om reglement for borgarvæpninga. Han møtte ikkje på omframtstortinget 1828, ettersom røysteretten hans var suspendert då han var knytt til den såkalla Hettingsaka. Børresen var Drammen sin tredje-representant til Stortinget 1845, men heldt seg heime grunna sjukdom.
Han døydde i Drammen i 1860.
Notar
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Drammen