Fossil Bluff er ein stasjon for British Antarctic Survey ved Fossil Bluff på Aleksanderøya i Antarktis. Hytta ligg midt mellom eit anlegg av bygningar.
Fossil Bluff-hytta ligg ved foten av ein steinurdekt rygg oppom George VI Sound som skil den fjellendte Aleksanderøya frå Palmer Land. George VI-isen dekkjer sundet og gjer det mogeleg å reise frå nord til sør, utanom på seinsommaren då overflata av isbremmen vert overfløymd av smeltevatn. I vest og nordvest ligg Planet Heights, ei omfattande fjellkjede med ei høgd opp mot over 1500 m. Like i vest ligg Giza Peak.
Fossil Bluff er ein stasjon for bunkring av drivstoff for flya som vert operert frå Rothera-stasjonen om sommaren mellom oktober og mars. Det ligg ei 1200 meter lang landingsstripe av snø, markert av tønner, 1 km sør for stasjonen.
mini|venstre|Bygningane ved Fossil Bluff.
De Havilland Canada DHC-6 Twin Otter-fly fraktar tønner med drivstoff frå Rothera til Fossil Bluff kvar sommar. Stasjonen ligg 90 minuttar med fly frå Rothera og vert mykje nytta som utgangspunkt for operasjonar djupare inn i Antarktis. Det neste «tradisjonelle» stoppet for Twin Otter-flya er Sky Blu, 85 minuttar unna.
Fossil Bluff husar fire personar.
Basen har vore i bruk av og på sidan 20. februar 1961. Han var i drift vintrane 1961, 1962 og 1969-75, og kvar sommar sidan 1975. Dei første menneska som overvintra her i 1961 var Cliff Pearce og John Smith (meteorolog) og Brian Taylor (geolog) som utførte ei grundig og systematisk undersøking av den lokale geologien.
Sjå òg Antarktiske feltleirar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fossil Bluff» frå , den 9. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff British Antarctic Survey - Fossil Bluff Web Page BAS Online Palaeontology Collection
Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:Utpostar i Palmer Land Kategori:Aleksanderøya Kategori:1961 i Antarktis Kategori:Busetnader grunnlagde i 1961