Mirny (russisk Мирный, tyder fredfull) er ein russisk (tidlegare sovjetisk) forskingsstasjon i Antarktis, ved kysten av Davishavet i Australsk Antarktis. Han er kalla opp etter forskingsfartøyet «Mirny» med Mikhail Lazarev som kaptein under den første russisk antarktisekspedisjonen (leia av Fabian Gottlieb von Bellingshausen på «Vostok»).
Stasjonen opna 13. februar 1956 av Den første sovjetiske antarktisekspedisjonen. Han vart opphavleg nytta som hovudbase for Vostok-stasjonen som ligg 1400 km frå kysten, men denne funksjonen er no flytta til Progress-stasjonen.http://www.aari.nw.ru/projects/antarctica/stations/mir/mir_en.html Om sommaren er det opp mot 169 menneske her fordelt på 30 bygningar, og om vinteren kring 60 forskarar og teknikarar. Middeltemperaturen på staden er –11 °C, og meir enn 200 dagar av året er vinden kraftigare enn 15 m/s.
Hovudforskingsområda er glasiologi, seismologi, meteorologi, observasjonar av polarlys, kosmisk stråling og marinbiologi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mirny Station» frå , den 9. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff AARI Mirny-stasjonen page Official wesite Arktisk og antarktisk forskingsinstitutt COMNAP Antarktis Facilities COMNAP Antarktis Facilities Map
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956 Kategori:1956 i Antarktis Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:Russland og Antarktis Kategori:Sovjetunionen og Antarktis Kategori:Utpostar i Queen Mary Land