Ellsworth-basen (spansk Estación Científica Ellsworth) var ein base i Antarktis oppretta av USA i 1957 under Det internasjonale geofysiske året. Basen vart raskt gjeven vidare til Argentina og forlaten og dekt av is i 1962.

Historie

Han var kalla opp etter den amerikanske oppdagaren Lincoln Ellsworth og vart plassert på vestkysten av Weddellhavet på Filchner-Ronne-isen. Basen skulle opphavleg plasserast på Cape Adams, men då terrenget viste seg å vere upraktisk på grunn av store isklipper, valde ein ei ny plassering i Gould Bay.

Stasjonen vart bygt av marinepersonnell kommandert av kaptein Finn Rønne,Griffiths, Tom. Slicing the silence: voyaging to Antarktis. Sydney, Australia: UNSW Press. 2007. p 210 med støtte frå isbrytarane USS «Staten Island» og USS «Wyandot».Dictionary of amerikanske Naval Fighting Ships p 610 Basen vart utrusta den 11. februar 1957 og gjeve over til argentinske Instituto Antártico Argentino den 17. januar 1959. Dei amerikanske styresmaktene gav då bygnignar, fasilitetar og det som var att av matforsyninganem medan Argentina forplikta seg til å gjere det som var naudsynt for å drive basen vidare. Forskarar frå begge land kunne arbeide saman på basen.

I løpet av tida basen var i drift vart det gjort mange eksperiment og observasjonar innan meteorologi, stråling, målingar av karbondioksid frå lufta, ionosfæriske observasjonar av kosmisk stråling, og studiar av Filchnerisen.

Den 6. januar 1962 flydde kaptein Hermes Quijada frå den argentinske marinen frå denne basen til Sørpolen. Den 30. desember 1962 vart basen nedlagd og etter kvart tok isen over og han forsvann.

Klima

<div style="width:75%">

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ellsworth-stasjonen» frå , den 8. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ellsworth at Marambio.aq

Kategori:Argentinsk Antarktis Kategori:United States Antarctic Program Kategori:Utpostar i Queen Elizabeth Land Kategori:1957 i Antarktis Kategori:Busetnader grunnlagde i 1957 Kategori:Nedleggingar i 1962