Union Glacier Camp er den einaste private, sesongbaserte leiren i Antarktis. Han ligg i Heritage Range i Ellsworth Mountains på Unionbreen, som har gjeve namn til leiren. Han vert driven av Antarctic Logistics & Expeditions LLC (ALE), eit selskap som driv ekspedisjonar og turar til det indre av Antarktis.Antarctic Logistics & Expeditions
Leiren ligg nær Union Glacier Blue-Ice Runway SCGC ein sjeldan, naturleg stålisrullebaneInitial environmental evaluation – development of blue-ice and compacted-snow runways, National Science Foundation Office of Polar Programs, April 9, 1993 som gjer at jetfly med hjul (og ikkje berre meiar) kan lande der. Det russiske Ilyushin Il-76-flyet transporterer regelmessig utstyr og personell til leiren.
From Union Glacier Camp går transport til Sørpolen, Vinson Massif, Herculesfjorden og andre stader med eit Twin Otter eller Basler BT-67 med meiar.
I løpet av månadane frå november til januar, då vêret er på det beste, vert charterturar frå Punta Arenas i Chile arrangerte til leiren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Union Glacier Camp» frå , den 8. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Adventure Network International ANI
Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:Utpostar i Ellsworth Land